Yngling
Ynglingprosjekt 2023-26
Grunnlaget for prosjektet er at VSF hausten 2022 fekk to Ynglingar frå SiA/UiA mot henting. Det vart ein større jobb å få båtane seglklare og dei kom ikkje på sjøen i 2023. I 2024 er planen at dei skal brukast til seglkurs og at me får med oss fleire båtar. Det langsiktige målet er VM på Askøy utanfor Bergen 1-8. august 2026, og då vonar me fleire Ynglingar frå Kristiansand stiller. Og aller helst eit ungdomslag. For meir informasjon sjå Facebook: Yngling Kristiansand.
Yngling har lange tradisjonar i Kristiansand. Det fyrste offisielle VM vart arrangert her i 1979 og CSF har arrangert omlag 10 NM for klassen, seinast i 2011. No er det registrert 15 Ynglingar rundt omkring i byen og målet er å samla så mange som mogleg på Bredalsholmen i regattasesongen.
Kvifor Yngling? For det fyrste finst det nok av båtar i byen og dei fleste i seglmiljøet kjenner båttypen. For det andre er ein Yngling rimeleg i drift, og krev ikkje for mykje mekking/vedlikehald. For det tredje kan han siglast med to eller tre personar i regatta, og det opnar for mannskapskombinasjonar på tvers av alder, generasjonar, kjønn, styrke og vekt. For det fjerde gjev Ynglingen stor seglglede pga. lågt fribord, fysisk segling og gode segleigenskapar. Dessutan er han eit vakkert syn frå alle vinklar og perfekt for opplæring.
For dei som vurderer å kjøpa ein Yngling kan det vera fristande å kjøpa ein OL Yngling frå 2000-talet, men det vil vera øydeleggjande for det lokale miljøet. Kjøp heller ein eldre båt, og ta oppussinga som eit felles prosjekt for fleire; sameige. For meir informasjon ta kontakt med Ronny.