Haustsesongen 2026

Onsdagsserien for i haust tek til 5. august og er klar for påmelding her. Bøddelen Rundt er laurdag 12. september.

Gjestehamn på Bredalsholmen

Langbrygga er tilgjengeleg for gjestar i sumar frå 22. juni. Prisane er 100 kr. for kvar natt under 30 fot, 150 kr. for 30-39 fot og 200 for 40 fot eller meir. Betal med Vipps til #139160 Vågsbygd Seilforening, Gjestehavn og oppgje overnattingar og registreringsnummer. Det er ikkje tilgang på landstraum eller vatn.

Vårsesongen 2026

Sesongen vart avslutta med siste onsdagsregatta 24. juni. Yme vann samanlagt føre Rabalder og Flaks. 21 båtar deltok i år med fellesstart for alle. Fire båtar stilte i alle åtte seglasane og i tillegg hadde fire full serie (6 av 8). 

Haustserien tek til allereie 5. august!

NM Yngling i Vågsbygd 20-21. juni 2026

For fyrste gong på lenge arrangerte VSF ein nasjonal meisterskap. Det kom sju båtar frå vest, tre frå aust, ein frå Danmark og seks lokale. Det heile starta med oppvarmingsregatta fredag kveld, før det laurdag vart fem seglasar med aukande sørvest. Dei fleste nytta høvet til å byta til hardfokk etter tredje seglas. Om kvelden var det felles tapas middag med 25-30 personar. Sundag vart det tre seglasar på nordvest, med meir utfordrande vindtilhøve frå nesten stille til kuling i kasta, men alt gjekk bra med båtar og mannskap. Mange sette pris på ei tidleg avslutting for pakking og heimtur.

Bortsett frå litt driftsproblem med dronebøyene gjekk det meste greitt. Laurdag var det veldig favorisert å gå inn mot land og dimed ville alle starta ved båten. Sundag var det meir ope, med vanskeleg vind oppunder land, og i siste start var startlina så skeiv at alle ville starta ved merket. Tilbakemeldingane er berre postive på anlegg, plassering og opplegg, så VSF kan få nye sjansar om ein vil det. Kanskje i samband med VM 2029 i Tønsberg?

Ynglingprosjekt 2023-26

Kristiansand treng ein stor lokal klasse for rekruttering/regatta og VSF planlegg NM i 2026 for Yngling. Yngling har lange tradisjonar i Kristiansand. Det fyrste offisielle VM vart arrangert her i 1979 og CSF har arrangert omlag 10 NM for klassen, seinast i 2011. No er det registrert 20 Ynglingar rundt omkring i byen og målet er å samla så mange som mogleg på Bredalsholmen. Men for å få eit levedyktig miljø må me satsa på meir enn onsdagsregatta. Då handlar det om puss/vedlikehald, kurs/opplæring, trening/regatta og ikkje minst eit godt sosialt miljø på tvers av alder, kjønn og fartstid. Og så treng me ein kjerne av 4-5 eldsjeler som kan få snøballen til å rulla!

For dei som vurderer å kjøpa ein Yngling kan det vera fristande å kjøpa ein OL Yngling frå 2000-talet, men det vil vera øydeleggjande for det lokale miljøet. Kjøp heller ein eldre båt, og ta oppussinga som eit felles prosjekt for fleire; sameige. For meir informasjon sjå Yngling og Facebook og ta kontakt med Ronny.

Lag din egen hjemmeside gratis!