Vinteropplag Bredalsholmen 2025-26
Felles opptak med kranbil er onsdag 8. oktober. Alle utanom ein som søkte har fått vinteropplag. Prisen for opplag vert fakturert med forfall i november. Sjå prisliste nedanfor.
Joller og traller/krybber til andre båtar må flyttast frå opplagsområdet i god tid før.

Haustsesongen 2025
Onsdagserien kom i gang 6/8 med restar av storm og opptil 15 m/s i kasta. Scawbelle klarte seg med berre forseglet. 13/8 var det nærast vindstille i starten og berre fire båtar klarte å få nok framdrift til å møta ein fin bris lenger ute. Ved Skede møtte Yme to niser på veg inn fjorden. Barolo og Onkel kom i seget, men så løya vinden mot slutten og dei klarte ikkje maksimaltida. 20/8 var nok vind til minst 18 båtar på startlina i Steinsundet. Diverre rauk storseglsfallet på nytt for Soling1 og Match revna storseglet, slik at båe måtte bryta. Pioneering Spirit var attende i Vestergabet og okkuperte mykje av regattabanen vår. 27/8 var det ein grå dag med austavind. Start på Andholmen og ein kunne nesten stå opp til kryssmerket ved Kjeltringen, før ein skarp slør, seinare slør/lens mot Kastellbåen. Det gav fordel til båtar med genaker og dobbelt Melges, og Barolo fekk ein velfortent siger i låg klasse. 3/9 vart ein mild, våt og vindfull dag. Vinden kom gradvis opp i stiv kuling og etter andre gong rundt Kinn vart det ein heftig lens i mål. Rabalder var suverene og målte jamt 10-11 knop. Alle kom trygt heim, men fleire fekk problem med fall. 10/9 vart onsdagskulingen berre frisk bris, men det var nok av regn og lyn for dei sju som våga seg ut. Soleklår siger til Nicoline, trass parkering i eit digert vindhol bak Pioneering Spirit. 17/9 vart det ein strålande siglas to gongar rundt Kinn med 19 båtar til start. Diverre vart det OSC for Soling1 og Nicoline. Finalen 19/9 var meir grå med 12 båtar, men Soling1 var like ivrig i starten. Etter siste regatta var det servering av pizza i klubbhuset. Samanlagt vann Tempo og Yme som i vår. PS! Under premieutdelinga var resultatet litt uvisst i låg klasse pga. ulike poeng for DNC og DNF.
Bøddelen Rundt gjekk laurdag 13/9. Det vart ein frisk slør fram og attende med 10 båtar. Overload vann føre Scawbelle og Amalie. Sundag 14/9 var det Vågsbygd Yngling Cup, kor 5-6 lag byta på å sigla 4 Ynglingar. Diverre kom ikkje vinden før utpå ettermiddagen, slik at me berre fekk gjennomførd 6 løp. Sidan det var skilnad i kvalitet på båtane, burde me helst har fått minst 15 løp. Med litt tilpassing til neste gong, kan dette verta eit bra opplegg.
Gjestehamn på Bredalsholmen
Langbrygga er tilgjengeleg for gjestar i sumar. Prisane er 100 kr. for kvar natt under 30 fot, 150 kr. for 30-39 fot og 200 for 40 fot eller meir. Betal med Vipps til #139160 Vågsbygd Seilforening og oppgje overnattingar og registreringsnummer. Det er ikkje tilgang på landstrøm eller vatn.
Vårsesongen 2025
Onsdagsserien vart avslutta 25. juni med strålande sol, stødig sør-vest og pølser på brygga. Klassevinnarane var Tempo og Yme. Flødeseilasen 14. juni vart ein frisk kryss mot Lillesand, men 32 fullførte. Soling1 deltok i eit rekordtidleg NM i Grimstad 3-4. mai og vart 10 av 15 båtar. Tempo deltok i Skagen Race 28. mai og vart 17 av 36 i sin klasse. Yme var med i NM på Askøy 21-22. juni og vart 10 av 17. båtar.
Klubbhuset vårt er oppgradert med teppefliser og spilevegg, og me vonar akustikken vert betre. Det har vore mindre utleige av huset så langt i år, og del gjerne informasjon om våre unike lokale; medlemmar får 50 % rabatt. Arbeidet med spileveggen vart gjort på dugnad.
Regattakurset med Yngling har i år 5 deltakarar. Kurset gjev oss òg nye medlemmar og medlemstalet er stabilt på dryge 100. Men me treng fleire og oppmod difor mannskap, vener og kjende med seglbåt eller interesse for segling til å melda seg inn. Innmelding skjer via «Min idrett» som er felles for alle idrettslag.
Stor takk til dei som deltok på dugnaden 6. mai, men me treng fleire som kan gjera ein innsats for klubben. Om du framleis ikkje har hatt høve til delta, ta gjerne kontakt med styret for mindre oppdrag.

Ynglingprosjekt 2023-26
Kristiansand treng ein stor lokal klasse for rekruttering/regatta og CSF/VSF planlegg NM i 2026 for Yngling. Yngling har lange tradisjonar i Kristiansand. Det fyrste offisielle VM vart arrangert her i 1979 og CSF har arrangert omlag 10 NM for klassen, seinast i 2011. No er det registrert 16 Ynglingar rundt omkring i byen og målet er å samla så mange som mogleg på Bredalsholmen. Men for å få eit levedyktig miljø må me satsa på meir enn onsdagsregatta. Då handlar det om puss/vedlikehald, kurs/opplæring, trening/regatta og ikkje minst eit godt sosialt miljø på tvers av alder, kjønn og fartstid. Og så treng me ein kjerne av 4-5 eldsjeler som kan få snøballen til å rulla!
For dei som vurderer å kjøpa ein Yngling kan det vera fristande å kjøpa ein OL Yngling frå 2000-talet, men det vil vera øydeleggjande for det lokale miljøet. Kjøp heller ein eldre båt, og ta oppussinga som eit felles prosjekt for fleire; sameige. For meir informasjon sjå Yngling og Facebook og ta kontakt med Ronny.
