Aktivitetsplan våren 2025
- Ynglingauksjon onsdag 9. april kl. 18 - enkel servering
- Regattakurs start onsdag 23. april
- Sjøsetting vinteropplag seinast fredag 25. april
- Vårdugnad tysdag 6. mai kl. 17
- Onsdagsregatta start onsdag 7. mai
Regattakurs med Yngling 2025
Oppstart med teori og rigging onsdag 23. og 30. april. Deretter trening måndag og regatta onsdag i mai-juni. Kursavgift kr. 500/1000 for medlem/ikkje medlem. For meir informasjon sjå. Kontakt Ronny for påmelding.

Årsmøte 2024 for VSF er gjennomførd onsdag 26. februar 2025
Årsmøtet vil senda to medlemmar til Seiltinget i Oslo (Ullevål) 22-23. mars 2025. For meir informasjon sjå her. Klubbkonferansen har i år fokus på aktivitet og rekruttering. Ta kontakt med styret om du vil reisa!
Det meste av styret held fram som før:
- Leder Nils Stray
- Nestleder Bernhard Skaar
- Kasserer Ronny Rognhaugen
- Styremedlem Erik Erland
- Varamedlem Jan Otto Jahnsen
Sjå her for sakspapir og protokoll.
Ynglingprosjekt 2023-26
Kristiansand treng ein stor lokal klasse for rekruttering/regatta og CSF/VSF planlegg NM i 2026 for Yngling. Yngling har lange tradisjonar i Kristiansand. Det fyrste offisielle VM vart arrangert her i 1979 og CSF har arrangert omlag 10 NM for klassen, seinast i 2011. No er det registrert 15 Ynglingar rundt omkring i byen og målet er å samla så mange som mogleg på Bredalsholmen. Men for å få eit levedyktig miljø må me satsa på meir enn onsdagsregatta. Då handlar det om puss/vedlikehald, kurs/opplæring, trening/regatta og ikkje minst eit godt sosialt miljø på tvers av alder, kjønn og fartstid. Og så treng me ein kjerne av 4-5 eldsjeler som kan få snøballen til å rulla!
For dei som vurderer å kjøpa ein Yngling kan det vera fristande å kjøpa ein OL Yngling frå 2000-talet, men det vil vera øydeleggjande for det lokale miljøet. Kjøp heller ein eldre båt, og ta oppussinga som eit felles prosjekt for fleire; sameige. For meir informasjon sjå Yngling og Facebook og ta kontakt med Ronny.
Gjestehamn på Bredalsholmen
Langbrygga er tilgjengeleg for gjestar i sumar. Prisane er 100 kr. for kvar natt under 30 fot, 150 kr. for 30-39 fot og 200 for 40 fot eller meir. Betal med Vipps til #139160 Vågsbygd Seilforening og oppgje overnattingar og seglnummer. Det er ikkje tilgang på landstrøm eller vatn.
Langbrygga
Langbrygga var ferdig fredag 3. mai og takk til Rune og Eirik Pedersen for godt fagmessig arbeid, og ikkje minst Erik Erland som har forhandla fram gode prisar for oss. Det gamle eikedekket makta nesten 30 år og me vonar det nye i royalimpregnert furu frå Marnar Bruk vil klarar minst det same. Budsjettet var på 350.000 og sluttkostnaden vart på 391.643. Viktigaste årsak til avviket er mindre dugnad med riving enn føresett, og så vart prosjektet utvida med ein ny pilar under det lengste spennet, ny landgang og byte av vindski på huset. På under ti år har heile seglsportsanlegget fått eit solid løft; oppgradering av servicebrygga, ny kran, ny sjøsettingsrampe for joller, ny flytebrygge med bøljebrytar for regattabåtar og no sist langbrygga.
